Spørmål og svar

Kvar finn eg Fjærabygda Gardsmat?

Adressa er Fjærabygda 51, 5600 NORHEIMSUND. Då kjem du til bustadhuset vårt.

Gardsbutikken ligg ca 25 m før rett ved fjøset. Utan GPS køyr inn til Steinsdalsfossen (skilta turistattraksjon), følg skilting Rosseland eit kort stykke før skilt mot høgre Fjærabygda. Ca 500 m nedi bygda kjem du til oss.

Korleis handler eg i Gardsbutikken?

Butikken er sjølvbetjent. Våre varer står i kjøleskap som kan vera mørklagde pga kvalitetsreduksjon ved lys påverknad.  Opne kjøleskapa og sjå om det fristar. Ved døra står eit «kasseapparat» der de kan taste inn dei varer du ynskjer og betale anten med kort eller vipps.  Prisar finn du på oppslag i butikken eller i kasseapparatet.

Kva kan Fjærabygda Gardsmat tilby?

Me har som mål og alltid ha Mjelk og Lett-/ Skummamjelk.
Fløyte har me berre litt av, risgraut og vaffelrøre vil me ha gjennom helga.
Mjelkekaker tek me sikte på å laga på bestilling.  Me har planar om utviding av fleire produkt etter kvart.

I butikken vil det vera tilgjengeleg egg frå Eide (Tørvikbygd) og ostane til Hardanger Bygdeysteri.

Kva haldbarheit har produkta?

Våre varer vert merka med best før dato.  Dei kan vera  gode lenge etter, men og dårlege lenge før.  Temperatur og lys er dei faktorane som påverkar raskast og mest.

Kan eg risikera at der er tomt i butikken?

Mjelk, egg og ostane skal me ha alltid dersom det ikkje går ut over liv og helse.  Graut og vaffelrøre håper me å ha gjennom heile helga.  Ved lang reiseveg eller større kvantum anbefaler me at de tek kontakt.

Kan eg bestille? Leverer de i andre kvantum?

Ja det kan du.  Minimum 3 virkedagar før du treng produktet.
PASS PÅ AT DU FÅR BEKREFTA BESTILLINGA!