Fjærabygda

– innkapsla i bratte fjellsider med opning mot Hardangerfjorden

Namnet må skriva seg frå fjæra då mykje av bygda ligg mellom 3 og 5 meter over havet innkapsla i bratte fjellsider med opning mot Hardangerfjorden i eine enden. Fjærabygda er mykje utsett for flaum og det er i gamle skrifter nemnt at dei tidvis fekk redusert skatt (tiend) eller leige (landskyld) på grunn av dette. Slik er det ikkje no, om nokon lurer.

Fjærabygda har vore busett sidan 1300 talet veit me, men truleg også ein del før den tid.

Fjærabygda bestod av Nesthus, Aarhus, Midthus, Øvsthus og Reigstveit, der dei fleste namna forklare seg sjølv, medan Aarhus nok skriv seg frå «husa ved elva», og Reistveit frå namnet Reiulf. Desse bruka er delt opp og heiter i dag: Nesthus, 2 x Aarhus, Midthus, Øvsthus, Vollen, Grønevollen, Fagerdal, Haugen, Nestås, Årtun, Reigstveit og Symra. Det finnes nokre mindre bruk i tillegg, men i dag fram står desse som romslege bustadtomter. I Fjærabygda er i dag også eit mindre byggefelt Heleberghaugen. Forutan Fjærabygda Gardsdrift er det 3 bruk med sjølvstendig gardsdrift i dag.

Fjærabygda Gardsdrift vart oppretta i 2012, er eit samarbeid mellom den eine Aarhus garden og Reistveit.

Glimt frå historia til Reistveit

– livet på garden

Reistveit var frå 1329 eigd av av Munkeliv Kloster i Bergen fram til mitten av 1600 talet.

I «kvægskattemeldinga» i 1657 hadde Reigstveit 2 hest, 14 storfe og 1 gris. I 1762 kjøpte Jan Sveinson Skeie garden og han er stamfar til dagens eigar, sonen tok namnet Reistveit som vanleg var. Dei fekk ein litt ugrei start då 2 generasjonar menn døydde i ulukker, den eine kom under eit høylass, medan den andre blødde i hel etter at ein pistol eksploderte i handa då han skulle skyta salutt i eit bryllup.

Garden har vore seld og kjøpt eit utal gonger, men har alltid kome attende i denne slekta via søner eller døtrer.

Tidleg 1900-tal: Anders Nilsson Trones, gift med Kristi Larsdt, flytta til garden. Reistveit tunet med alle bygningar til andre sida av elva der mesteparten av dyrkamarka låg. Vidare vart noko av garden seld til J.E Mowinckel moglegvis for å finansiera flyttinga. Frå denne tid var det ikkje vanleg å ta gardsnamnet til ettenamn.

1960: tok Torbjørg M Trones og ektemannen Herman Opheim frå Hallingdal over bruket etter at det hadde vore bortforpakta i mindre bitar til diverse naboar nokre år. Der var mykje etterslep på vedlikehald. På folkemunne vert no garden ofte kalla Opheim. Sonen Kjell Ove bygde rundt 1990 ny driftsbygning og innleia samarbeid med ein gard på Skeie.

2010 – 2013:  Dagens eigar Kjetil Opheim bygde saman med faren nytt kårhus på tomta der dei også reiv halvdelen av det gamle. Når dette var ferdig overtok Kjetil garden. Samarbeidet med Skeie vart avslutta og Fjærabygda Gardsdrift oppstod. Fallrettane til ein større del av Tokagjelet Kraftverk som snart skal vera i drift høyrer til Reistveit.

Glimt frå historia til Aarhus

– livet på garden

Består av 2 bruk, om det alltid har vore slik veit me ikkje. Det er lite skrive om bruka før 1500 talet. I «kvægskattemeldinga» i 1657 var det på Aarhus 3 hest, 27 storfe, 10 geit og 32 sau. Dette synes mykje og kan kanskje omfatta begge bruka. Det eine bruket som i dag er vårt var ein periode eigd av den mektige Galtungslekta i Jondal. Det kan sjå ut som om dette varde heilt fram til 1758 då Anders Person Litlafosse og Ragna Larsdotter Engjadal kjøpte /fekk garden og er opphavet til dagens familie.

I 1758 kjøpte/fekk Anders Person Litlafosse ft 1732 og Ragna Larsdotter Engjadal ft 1736 og er opphavet til dagens familie.

Sonen Per fekk namnet Aarhus.  Allereie her er det beskrive at mennene var lite drivande av seg, men kona var dugande.  Nokre vil hevda at slik har det vore frå den tid.  

Per Person Litlafosse 1758 lagde og måla mykje, mellom anna slike skrin. Desse er framleis attraktive antikvitetar. Bildet er frå Norsk Folkemuseum.

På slutten av 1800 talet forlèt eigar Torgeir Sveinson Aarhus garden og for til Amerika. Han døydde der raskt etter, men hadde ikkje gjeve vidare eigedomsheimelen til garden. Kanskje var det ei retrett moglegheit? Broren til Torgeir Per dreiv garden, men døydde tidleg. Enkja Kristi Larsdotter Steine skulle overdra til sonen Svein men han måtte 1900 gå rettens veg for å få heimel til garden.

Aarhus gardane hadde klyngjetun og i 1885 vart dei delte me måtte flytta ut or tunet. Vårt tun ligg difor ikkje tett på elva i dag som gardsnamnet antydar. Ikkje nok med det, men dei hadde geologar i «gamledagar» også. I 1932 – 33 måtte Kristian (bestefar til dagens eigar) og kona Guro flytta tunet igjen pga rasfare. Raset kom i 1955 og hadde nok jamna alt med jorda dersom det ikkje hadde vore flytt. Det vert fortalt at de var steinar på 20 -30 m3 som låg heilt nede på flatane mot elva og at sonen Svein var den einaste i mils omkrins som ikkje vakna av raset.

Om det var for å finansiera flyttinga er me ikkje heilt sikre på, men til kona sin store frustrasjon selde han i 1936 ein del av bruket til (Årtun) til Sjur T Øvsthus.

Den eine av Nesthus gardane kom for sal i 1950 og den vart kjøpt. Om det var for husfreden eller pengenød skal ikkje vera sagt, men han selde raskt «halvdelen» av dette til tvillingbror sin Magnus som då saman med kona Sigrid hadde fått eigedomsrett til den andre Aarhus garden.

I 1952 var det slutt på stølsdrift på Kvamskogen, dyra var likevel på beite der, men dei mjølka ikkje. I 1957 vart fyrste hyttetomt festa bort og garden hadde fått ein ny fot å stå på. I 1967 vart fyrste traktoren kjøpt og hesten vart seld 2 år seinare.

Svein hadde overteke etter sine foreldre, men han og kona Louise forpakta frå 1974 til 1977 garden til systera og svogeren hans. Svein arbeidde då som jord skiftar i Nord Norge. Vel heime igjen fekk han godkjent eit nytt hytteområde. Hadde det ikkje vore for det hadde truleg garden vorte avvikla eller seld. Svein og Louise pussa opp eit slite våningshus, kjøpte ein nabogard på Mo, bygde nytt fjøs og byrja med hytteutleige.

1979: Slutta med sau

Kristian slo på stortromma på Guro sin 75 årsdag og inviterte til Bergen på betre middag. Då dei fekk menyen vart dei så sjokkerte over prisane at dei forlèt restauranten. Dei gjekk i daglegvarebutikken og sette seg på ein benk og åt banan. Ein journalist frå Bergens Tidende fotograferte dei og spurde om å bruka bilete og om å få intervju. Så var det bussen heim, om besto laga middag heime seier ikkje forteljinga noko om.

I 1997 overtok eg Georg Aarhus og kona Laila gardsdrifta gjennom ein forpaktingsavtale. Laila fullførte utdanning som kokk og hadde nokre jobbar som det, men vart raskt innlemma i gardsdrifta. Dei fyljande åra fekk me utvida hytteområde, overtok og utvida hytteutleiga, kjøpte eigedomen og utvida landbruks produksjonen då det vart opna for kjøp og sal av mjølkekvotar. Det vart inngått samarbeid med Reistveit. Me må vel sei at me var relativt velståande ei tid, men med lite fritid. På eit tidspunkt dreiv me i 3 «gamle» fjøs. Arbeidsmengda vart saman med sviktande helse på meg for stor.

Me stod ovanfor 2 val. Redusera og koma oss heim i eiga løe for å starta styrt avvikling, eller utvida og bygga for all drift i ei løe. Med ein son som då var ca 16 år og med stor interesse for gardsdrifta enda det med 11 mill i investering i fjøs, mjølkekvote og buskap. Frå å vera i ein situasjon med pengar i banken etter tomtesal vart me «gjeldsslavar».

Tysdag 31. januar 2012 vart fyrste kua mjølka i nye løa. Fjærabygda Gardsdrift oppstod. 10 år seinare overtok vår son Kristian gardsdrifta gjennom ein forpaktingsavtale og etter i overkant mykje klabb og babb byrja me same år gardsmat produksjon og butikk.

Framtida vår er du med å styra, takk skal du ha 🙂