Under fjell og i fossedur, mjelkar kyrene seg tur etter tur
Dei edle dråpar me godt tar vare på, så me kan metta store og små

Fjærabygda Gardsmat er eit lite nyoppretta meieri med føremål å gje deg gode matopplevingar med sporbarheit.

Moglegheit til å verta betre kjend med bondefamiliane, og til å forstå moderne gardsdrift på godt og vondt er også vårt ynskje. Vårt hovudfokus er mjelk og mjelkeprodukt, men me er interessert i å utvida med t.d. kjøt dersom det syner seg ein marknad.

Eit viktig mål for oss er å sikra og helst utvida sysselsetjinga på bruket.

140 storfe

– 50 som me til ei kvar tid mjølkar

Fjøs frå 2012 med mjølkerobot. Driftssenteret ligg 3,5 meter over havet, me har for det meste god jord og tek store avlingar, men er utsett for at det fort kan verta for vått. Heldigvis turkar det meste raskt opp. Utmarka er i hovudsak på Kvamskogen der dei som ikkje mjølkar er på sommarbeite i til glede og frustrasjon for hyttefolket. I all hovudsak lever dei godt i saman folk og dyr også på fjellbeite.

Biologisk produksjon

– sirkulær og berekraftig

I moderne samfunn der ikkje alle lagar eller jaktar sin eigen mat i sitt nærområde er her sjølvsagt nokre utfordringar. Me bruker fossildrivne traktorar og transport midlar, næringsstoffa i mjølk og kjøt vert frakta vekk og kjem ikkje attende. Me kompenserer med mineralgjødsel/kunstgjødsel etter prøvar av jord og avling. Det vert også kjøpt inn kraftfôr der ein liten del er importert. Alt er ikkje optimalt, men gitt dagens organisering av samfunnet, befolkningsutviklinga er det det beste me kan.

Fjærabygda Gardsmat, vil kunna vera eit bidrag til auka bruk av norsk lokalprodusert mjelk og berekraft.