Om oss
Idéen om gardsmat og mjølkesal vart sådd av Laila og Georgs eldste son, Kristian Aarhus.
Etter mykje om og men vart Fjærabygda Gardsmat etablert 1. mai 2021 med Fjærabygda Gardsdrift som majoritetseigar,
og Kristian Aarhus, Thea Helena Opheim, Kjetil Opheim, Laila Aarhus og Georg Aarhus som personlege eigarar.
I juni 2022 starta me opp gardsmatproduksjon og vonar de set pris på produkta.
Laila Melstveit Aarhus, 1975
Utdanna kokk, men har vore bonde og turistvert mesteparten av karriæra. Dagleg Leiar for Gardsmat verksemda. Når alt og alle andre sviktar tek Laila jobben. Streng men rettferdig.
Kristian Aarhus,1995
Utdanna agronom, vore landbruksvikar og avløysar samt seljar av landbuksrekvisita til bønder i gamle Hordaland. Hadde nokre år som anleggsarbeidar. Dagleg leiar Gardsdrifta. Den fødde bonde.
Kjetil Opheim, 1986
Utdanna elektrikar, anleggsmaskinførar og trailersjåfør. Sjølvlærd i alt anna. Likar best fysisk arbeid. Til dagleg maskinførar og medeigar i entreprenørfirmaet Johan Skeie AS, men tek minst sine 20 % i gardsdrifta på fritida. Har vore deltakar i Gardsdrifta sidan 2012.
Thea Helena Opheim, 1989
Har bachelor i økonomi samt utdanna gartnar og agronom. Stort engasjement for lokalmat, driv Reistveit Gard sin grønsaksproduksjon. Deltidsstilling som sakshandsamar ved landbruksavdelinga i Kvam Herad. Er for tida i permisjon for sitt tredje barn. Den klassiske bondekjerring (viss det er lov å sei).
Georg Aarhus, 1969
Hadde si storheits tid ved Øystese Gymnas på 80 talet. Utdanna agronom. Vore gartnar dreng, avløysar og rådgjevar i Tine. Overtok gardsdrifta i 1997 og dreiv denne saman med Laila fram til 2022. Har no som si fremste oppgåve å ikkje blanda seg inn i kva og korleis ungdomane gjer ting.
Ola Aarhus, 1998
Utdanna landbruksmekanikar, men arbeider no som anleggsmekanikar. Hjelper bonden dersom han får gratis ved.
Siriann Aarhus, 2003
Har gått på vidaregåande på Voss. Skal på Ringerike folkehøgskule til hausten der ho skal utfalda seg på linja for humor og scene.